Nils Nilssen Dahl () var ein norsk prest og stortingsmann.

Dahl var fødd på garden Øvstedal i Tresfjord (i dagens Vestnes kommune) i Romsdal, son av ein gardbrukar. Han vart student 1828, ferdig utdanna cand. theol. frå universitetet i Kristiania (Oslo) to år seinare. År 1831 oppheldt han seg i Frankrike, året etter var han pers. kapellan i Eivindvik. Perioden 1833-38 verka han i ledige embete i Bergens stift.

1838 vart Dahl pers. kapellan i Melhus. Attåt kapellanstillinga var han forlikskommissær og sparebankdirektør. Fyrst i 1851 fekk han fast embete som sokneprest, i Eid i Nordfjord. Også i Eid var han direktør i sparebanken. Etter tre år tok Dahl avskjed, og døydde fire veker seinare.

Dahl var stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag på alle tingsamlingane 1845-51. 1848 var han president i Odelstinget og formann i adressekomiteen. I 1851 var han visepresident i Odelstinget, og formann i tre komitear. Dei tre komiteane var høvesvis konstitusjons-, trykkings-, og arbeidarkomiteen. På Stortinget høyrde han til den liberale fløya. Dahl vart rekna mellom dei beste talarane i stortinget.

Han var far til Walter Scott Dahl.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Vestnes