Helge Lunde Seip (), fødd i Surnadal, var ein norsk sosialøkonom - cand.oecon. frå 1941 og jurist - cand.jur. frå 1942, redaktør og politikar for Venstre.
Helge Seip var i mange år stortingsrepresentant for Oslo, frå 1954 til 1961 og frå 1965 til 1973. Han var parlamentarisk leiar for Venstre si stortingsgruppe 1970–1972.
Frå 12. oktober 1965 til 29. august 1970 var Helge Seip statsråd og sjef for Kommunal- og arbeidsdepartementet (kommunalminister) i Regjeringa Borten.
Helge Seip var leiar for gruppa som braut ut frå Venstre og danna Det Nye Folkepartiet i 1972, som følgje av strid om EU-spørsmålet. Splittinga førte til ei sterk svekking av Venstre, og Det Nye Folkepartiet vart heller ingen suksess.
Helge Seip var den første direktøren for Datatilsynet. Han fekk i 1999 Rosingakademiet sin heiderspris for dette.
Seip fekk også ei rekkje andre utmerkingar.Seip, Helge (1919-2004) Det Nye Folkepartiet, Stortinget. I 1989 blei han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Han var innehavar av Kong Haakon VIIs 100-årsmedalje og blei i 1983 tildelt Jacob Letterstedt-medaljen.
Helge Seip var politisk redaktør/sjefsredaktør i Dagbladet 1954-1965.
Kjelder Biografi – Stortinget.no, vitja 8. april 2010 Fotnotar
Kategori:Norske kommunalministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Det Nye Folkepartiet Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:DLF-politikarar Kategori:Redaktørar for Dagbladet Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Surnadal Kategori:Leiarar for Venstre Kategori:Norske redaktørar