Tilsetjingsstoff, også kalla e-stoff er kjemiske stoff som er lovlege å nytta i matvarer. Det finst om lag 340 tilsetjingsstoff som har fått kvart sitt E-nummer. Det tyder at EU har gitt dei permanent eller mellombels godkjenning.

Tilsetjingsstoffa vert som regel klassifiserte etter funksjon jamfør lista under. Eitt og same tilsetjingsstoff har gjerne meir enn ein funksjon. Til dømes er askorbinsyre (E300) både ein antioksidant, ei syre og eit mjølhandteringsmiddel.

Liste over funksjonsområde Antiklumpemiddel Antioksidant Drivgass Fargestoff Hevemiddel Konsistensmiddel Emulgator Fortjukningsmiddel Fuktvarande middel Fyllmiddel Geleringsmiddel Modifisert stive Stabilisator Konserveringsmiddel Mjølhandteringsmiddel Overflatehandteringsmiddel Smaksforsterkar Skumdempande middel Smeltesalt Syregradsregulerande middel Syre Søtstoff

Kategori:Matvarer