Carl Wilhelm Boeck () var ein norsk lege og stortingsrepresentant. Han var son av Cæsar Boeck.

Boeck kom til verda på Kongsberg. Frå 1827 var han student, og i 1831 vart han uteksaminert som cand. med. Han la deretter ut på ei vitskapleg reise til Sverige, Danmark og Tyskland. 1832 var han koleralege i Drammen, året etter var han konstituert berglege på Kongsberg. 1833-35 korpslege ved Hedemarkens nationale musketerkorps.

Boeck vart fast tilsett berglege i Kongsberg og distrikslege i Numedal og Sandsvær frå 1835. I tillegg var han Kongsberg Våpenfabrikks første lege frå 1836 fram til våren 1846. Her utmerka han seg ved å operere plastisk på augelok og for skjeling.

Boeck var lektor ved universitetet i Kristiania frå 1846, professor i medisin 1851-69. Deretter privatlege i Kristiania 1870, og overlege ved rikshospitalet si hudavdeling frå 1871. Han var elles særleg kjend for sitt arbeid med syfilis og leprasykja. Fleire gongar, over ein periode frå 1840 til -69, reiste han på studieferder til utlandet, både med offentlege stipend og på eigen kostnad. Mellom anna var han i England, Frankrike, Italia, Hellas, Austerrike og USA.

Boeck var stortingsrepresentant for Kongsberg i 1845. Han var då medlem av kyrkjekomiteen.

Boeck var i fleire år formann i 'Det medisinske selskap'. Han var æresdoktor ved Lunds Universitet, medlem av den franske Æreslegionen og kommandør av St. Olavs Orden. Boeck døydde i Kristiania.

Bakgrunnsstoff WhoNamedIt.com om Boeck

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Æreslegionen kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Norske medisinprofessorar kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Folk frå Kongsberg