Nynorsk redaktørpris er ein norsk mediepris som har blitt utdelt sidan 2004 av Mediemållaget.

Om prisen

Jury for prisen er styret i Mediemållaget.

Føremålet med prisen er å heidra redaktørar som har lagt inn ein innsats for nynorsk som mediespråk. Mediemållaget «ønskjer å framheva dei redaktørane som driv god språkleg leiarskap og gir nynorsken gode levekår i journalistikken.»

Desse har fått prisen 2004: Tidlegare sjefredaktør Hilde Haugsgjerd og kulturredaktør Cathrine Sandnes, Dagsavisen 2005: Sjefredaktør Tove Lie, Nationen 2006: Distriktsredaktør Per Arne Kalbakk, Østlandssendingen 2007: Sjefredaktør Tom Hetland, Stavanger Aftenblad 2008: Sjefredaktør Arne Sigurd Haugen, Nynorsk Pressekontor, sjefredaktør og administrerande direktør Pål Bjerketvedt, Norsk Telegrambyrå 2009: Redaktør/dagleg leiar Christian Fredrik Stabell, Os og Fusaposten 2010: Redaktør Signy Fardal, Magasinet Elle 2011: Redaktør Bente Riise, Syn og Segn 2012: Ansvarleg redaktør Bjarne Tormodsgard, Hallingdølen 2013: Dagleg leiar Magni Øvrebotten, NRK Nynorsk mediesenter 2014: Ansvarleg redaktør Bjørgulv Braanen, Klassekampen (2015) 2017: Ansvarleg redaktør Gard Steiro, VG 2024: Redaktør Nana Rise-Lynum, Norsk Barneblad 2025: Ansvarleg redaktør Tom Martin Kj. Hartviksen, Gudbrandsdølen Dagningen

Kjelder

Kategori:Norske prisar og utmerkingar Kategori:Skipingar i 2004 Kategori:Nynorske massemedium Kategori:Nynorskprisar