Arnfinn Andreas Haram O.P. () var ein norsk dominikanarbror, samfunnsdebattant og sakprosaforfattar, fødd i Ålesund, oppvakse i Haram kommune på Sunnmøre, og døydde i Oslo.

Haram vart utdanne på Menighetsfakultetet i Oslo og har vore prost i Den norske kyrkja, men konverterte til Den romersk-katolske kyrkja i 1998. Han gav dei evige lovnadene i 2002 og vart vigd som katolsk prest i 2003. Frå 2009 og fram til han døydde var han prior (klosterleiar) for dominikanarklosteret i Oslo. Han var ein ivrig og uredd deltakar i samfunnsdebatten, og har vore ein fast og høgt respektert skribent i dagsavisa Klassekampen.

Bibliografi Babylonsk harpe (etterord av Knut Olav Åmås). Efrem forlag 2013. Tre florentinarar : essay og artiklar om religion, kultur og samfunn : 2003-2009 (forord av Jon Michelet). Efrem forlag 2009 Den gudstenestlege regula : reformatorisk arv og aktuelt program. Oslo 1979 Kristen oppseding og kyrkjeleg identitet : ei vurdering av IKO med særleg sikte på folkekyrkjeproblemet. Oslo 1978

Bakgrunnsstoff Arnfinn Harams Webblogg Presentasjon av Arnfinn Haram på internettsida til den katolske kyrkja i Noreg.

Kategori:Medlemmar av Dominikanarordenen Kategori:Norske katolske prestar Kategori:Norske lutherske prestar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Ålesund