mini|Mikhail Larionov: Aleksej Krutsjonykh, 1912
Aleksej Jelisejevitsj Krutsjonykh () var ein russisk poet.
Krutsjonykh studerte ved kunstskulen i Odessa. År 1912 gav han og Velimir Khlebnikov ut diktet Igra v adu som var illustrert av Kasimir Malevitsj. Saman med Khlebnikov vert Krutsjonykh rekna som oppfinnaren av kunstspråket zaum. Krutsjonykh skreiv elles librettoen til futuristoperaen Siger over sola, med kulissar laga av Kasimir Malevitsj.
I 1912 underskreiv Krutsjonykh dei russiske futuristane sitt manifest Ein øyrefik til den offentlege smaken. Året etter var han med og sende ut programskriftet Slovo kak takovo, der idéen om det transmentale språket vart lansert.
Truleg var Krutsjonykh den mest radikale poeten knytt til den russiske futurismen, ei rørsle som og Vladimir Majakovskij, David Burljuk og andre tok del i.
Han gifta seg med avantgarde-målaren Olga Rozanova i 1912.
Krutsjonykh sitt mest berømte dikt
ZaumOmsetjingДыр бул щыл убещур скум вы со бу р л эзDyr bul shchyl ubeshchur skum vy so bu r l ez (1913)
Kategori:Russiske forfattarar
Denne artikkelen bygger på «Aleksej Krutjonych» frå , den 15. april 2010.
Denne artikkelen bygger på «Aleksei Kruchenykh» frå , den 15. april 2010.