Sjå også Johan Cappelen (1889 - 1947) og Kontorsjef Johan Henrik Cappelen (1838 - 1900).
Johan Henrik Cappelen () var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Cappelen kom til verda i Ulstein, der far hans var sokneprest. Han voks dels opp i Lom, der faren døydde i 1800, og i Vik i Sogn, då mor hans gifta seg med soknepresten der. Åra 1816-18 var han sekondløytnant, tok så juridisk eksamen i 1822. Han vart utnemnd til fut og sorenskrivar i Aust-Finnmark i 1826, budde då i Vadsø. I 1831 vart han fut i Ytre Sogn.
Cappelen var 4. representant for Finnmark på Stortinget 1833. Han var medlem av trykkekomiteen og av komiteen om tiend i Finnmark.
Han døydde i Bergen.
Han var far til kontorsjef i Stortinget Johan Henrik Cappelen (1838-1900).
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Erik Andreas Thomle: Familien (von) Cappelen i Norge og Danmark, Christiania 1896 Lambrecht Haugen: Cappelen-slekten 1627-2008, Rosendal 2008
Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Ulstein