Schweigt stille, plaudert nicht, òg kalla Kaffikantaten, BWV 211, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Sjølv om han er klassifisert som ein kantate er han i røynda ein liten komisk opera.
Som ein satirisk kommentar omhandlar kantaten kaffiavhengnad, eit aukande samfunnsproblem på 1700-talet i Leipzig, der verket hadde premiere.
Librettoen til kantaten, skriven av Christian Friedrich Henrici, har tekstlinjer som «Om eg ikkje kan drikke ein kopp kaffi tre gonger dagleg, så vil eg i pinsle skrumpe inn som ei geitesteik», noko som truleg vart godt likt av eigarane av Zimmerman's Kaffihus i Leipzig, der stykket vart framført første gong.
Bach skriv aldri operaer og denne kantaten vart skriven som ein konsertframføring, men vert i dag ofte framført med kostyme.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for tverrfløyte, to fiolinar, bratsj, cembalo continuo, samt solistane: Forteljar (tenor), Lieschen (sopran), Schlendrian (bass)
Det består av ti satsar:
«Schweigt stille, plaudert nicht», Resitativ for tenor «Hat man nicht mit seinen Kindern», Arie for bass «Du boses Kind, du loses Madchen», Resitativ for sopran & bass «Ei! wie schmeckt der Coffee susse», Arie for sopran «Wenn du mir nicht den Coffee lass'st», Resitativ for sopran & bass «Madchen, die von harten Sinnen», Arie for bass «Nun folge, was dein Vater spricht», Resitativ for sopran & bass «Heute noch, lieber Vater, tut es doch», Arie for sopran «Nun geht und sucht der alte Schlendrian», Resitativ for tenor «Die Katze lasst das Mausen nicht», Koral
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Schweigt stille, plaudert nicht, BWV 211» frå , den 20. april 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Piano- og songpartitur for BWV 211 på bach-cantatas.com
Kategori:Musikk i 1734 Kategori:Kaffi