Hieronymus Heyerdahl () var ein norsk prest og stortingsmann.
Liv Heyerdahl var fødd i Aremark, der far hans var sorenskrivar. Han gjekk på latinskulen i Kristiania, og vart student i 1790. I 1794 fullførte han si teologiske utdanning og vart cand. theol. Året etter personleg kapellan i Ringsaker, frå 1799 i lik stilling i Kongsberg. I 1800 utnemnd til residerande kapellan i Toten. Her var han 1804-08 samstundes styrar for eit lærarseminar, einelærar 1804-07. I 1811 oppheldt han seg i København og søkte på embetsstillingar. I 1812 vart Heyerdahl utnemnd til sokneprest i Stjørdal. I dette embetet vart han verande i 23 år, til han i 1835 vart sokneprest i Gran.
Heyerdahl var utsending frå Nordre Trondhjems amt til riksforsamlinga i 1814. Han slutta seg til sjølvstendepartiet, sat i konstitusjonskomiteen.
Heyerdahl var ein dei fremste opplysningsprestane. Ved sidan av prestegjerninga studerte han mineralogi medan han budde i Kongsberg og botanikk i Stjørdal. Dessutan var han ein flink jordbrukar. Han føretok ei rekke vitskaplege undersøkingar, nokre av desse vart publisert.
Han døydde på prestegarden i Gran.
Utmerkingar I 1811 fekk Heyerdahl riddarkrossen av Dannebrogordenen og same år blei han medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I 1825 fekk han Nordstjerneordenen av kong Karl III Johan. Hieronymus Heyerdahl frå Norsk biografisk leksikon
Bibliografi Bidrag til en mineralogisk-geognostisk Beskrivelse over Ringsagers og Totens Præstegjelde, 1811
Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Dansk biografisk leksikon Hieronymus Heyerdahl frå Eidsvoll 1814
Bakgrunnsstoff
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske prestar Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Folk frå Aremark