Vladimír Weiss () er ein slovakisk fotballspelar, som hausten 2011 spela for Espanyol i spansk Primera Division, på lån frå Manchester City, og for det slovakiske landslaget.

Weiss har spelt i Manchester City sidan ung alder. Han debuterte på A-laget til klubben 24. mai 2009. I desember 2009 skreiv han kontrakt med klubben fram til 2010. I januar 2010 gjekk han på lån til Bolton Wanderers ut 2009/10-sesongen.

Han debuterte for Slovakia sitt landslag 12. august 2009, i ein venskapskamp mot Island. Faren, som også heiter Vladimír Weiss, har vore landslagstrenar for Slovakia sidan 2008, og bestefaren, som også hadde det same namnet, var tsjekkoslovakisk landslagsspelar.

Kategori:Slovakiske fotballspelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Bolton-spelarar Kategori:Rangers-spelarar Kategori:Espanyol-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016