Menuett i G-dur er eit klaverstykke som finst i Anna Magdalena Bachs notebok frå 1725. Det vart tidlegare tilskrive Johann Sebastian Bach (BWV Anh. 114), men vert no vanlegvis tilskrive Christian Petzold.Williams, Peter F.. 2007. J.S. Bach: A Life in Music, p. 158. Cambridge University Press.Schulenberg, David. 2006. The Keyboard Music of J.S. Bach, s. 522 and elsewhere.

Noteboka det er snakk om høyrte til den andre kona til Johann Sebastian Bach, Anna Magdalena, og er ei samling av musikk av forskjellige komponistar frå seint på 1600-talet og tidleg på 1700-talet, mellom andre François Couperin, Georg Böhm, Johann Sebastian Bach sjølv og kanskje noko av sønene hans (som Carl Philipp Emanuel Bach). Dei fleste av kommentarane i noteboka vart gjort av Anna Magdalena sjølv. Berre få komponistar er identifiserte i boka. Menuett i G-dur er eit av dei mange anonyme verka. I 1970-åra vart stykket identifisert frå ein cembalosuite av organisten Christian Petzold frå Dresden.Bach-Jahrbuch 1978, s. 54.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Minuet in G major, (BWV Anh. 114)» frå , den 29. april 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Menuett i G-dur frå free-scores.com

Kategori:Musikkverk av Johann Sebastian Bach Kategori:Komposisjonar for tangentinstrument