Arne Bjørlykke () er ein norsk geolog og son av av Harald Bjørlykke.
Han tok utdanning som bergingeniør ved NTH (no NTNU) i Trondheim og var tilsett ved Noregs geologiske undersøkingar (NGU) frå 1968 til 1984. Frå 1984 og fram til 1994 var han tilsett som professor i mineralogiske ressursar ved Universitetet i Oslo og vart så administrerande direktør ved NGU i fram til 2006, då han vart seniorforskar ved NGU. I 2009 tok han over som direktør ved Naturhistorisk museum (NHM) i Oslo.
Bjørlykke har særleg drive innan ressursgeologi, mellom anna gullmineralisering. Han har delteke i mange offentlege utreiingar og vore delegat ved internasjonale havrettsforhandlingar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske geologar Kategori:Norske geologiprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Norges Tekniske Vitenskapsakademi