mini|OAS-flagget. mini|Hovudkontoret til OAS i Washington.
Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) er ein internasjonal organisasjon for dei sjølvstendige statane i Amerika.
OAS omfattar alle dei 35 sjølvstendige statane i Amerika. Likevel vart Honduras utestengd frå aktiv deltaking i OAS i 2009 på grunn av kuppet som fjerna José Manuel Zelaya frå president-tittelen. OAS meiner at dette er ein foreløpig utestengning, og at Honduras kjem til å komme "inn i varmen" igjen når landet har gått tilbake til demokratiet.
Cuba var totalt utestengt frå deltaking i OAS mellom februar 1962 og juni 2009 utifrå eit vedtak på det åttande konsultative møtet i Punta del Este i Uruguay den 31. januar 1962, fordi landet hadde ei kommunistisk regjering. 14 land stemde for 1962-resolusjonen, eitt land mot (Cuba) og seks stemde ikkje (Argentina, Bolivia, Brasil, Chile, Ecuador og Mexico). Cuba kom uansett inn igjen den 3. juni 2009 etter ein rekke samtalar om mellom anna menneskerettar.
Organisasjonen har sete i Washington D.C.
Medlemsland Dette er dei 34 aktive medlemslanda i OAS:
Antigua og Barbuda Argentina Bahamas Barbados Belize Bolivia Brasil Canada Chile Colombia Costa Rica Cuba Dominica Den dominikanske republikken Ecuador El Salvador Grenada Guatemala Guyana Haiti Jamaica Mexico Nicaragua Panama Paraguay Peru Saint Kitts og Nevis Saint Lucia Saint Vincent og Grenadinane Sambandsstatane Surinam Trinidad og Tobago Uruguay Venezuela
Land som heilt eller delvis er medlem, men ikkje er aktive Honduras (utestengt frå 5. juli 2009)
Sjå òg Rio-gruppa
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Organisasjonen av amerikanske stater» frå , den 11. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Internasjonale organisasjonar Kategori:Amerika Kategori:Skipingar i 1948