Yuki Abe () er ein japansk fotballspelar som har spelt for Leicester City i engelsk Football League Championship, og for det japanske landslaget.
Abe debuterte som proffspelar for JEF United Ichihara 5. august 1998, 16 år og 333 dagar gammal, og vart dermed den yngste spelaren som til då hadde spelt i J-ligaen. Han vart seinare kaptein for klubben, og leia han til siger i J-ligacupen i 2005 og 2006. 22. januar 2007 gjekk han over til Urawa Red Diamonds for om lag 3 millionar USD, ein rekordstor overgangssum for ein japansk spelar frå ein japansk klubb til ein annan. Med Urawa var han med på å vinna den asiatiske meisterligaen i 2007, då han skåra eit mål i finalen. Abe spelte for Leicester City frå 2010 til 2012, då han gjekk tilbake til Urawa Red Diamonds.
Abe debuterte for Japan sitt A-landslag 29. januar 2005 i ein vennskapskamp mot Kasakhstan. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. september 2006 mot Jemen. Han var ikkje med i Japan sin tropp til fotball-VM i 2006, men vart fast på landslaget etter at den tidlegare klubbtrenarena hans, Ivica Osim, tok over som landslagstrenar etter VM.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå Engelsk Wikipedia 11. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Japanske fotballspelarar Kategori:Leicester-spelarar