Samoansk er eit austronesisk språk som hovudsakleg blir snakka på Samoa og Amerikansk Samoa. Det er til saman ca. 426 000 talarar av samoansk, halvparten av dei bur på Samoa.

Klassifisering Samoansk høyrer til den malayopolynesiske gruppa inna for den austronesiske språkfamilien. Nære slektningar er tuvalu og tokelau.

Alfabet Samoisk bruker 14 bokstavar. Vokalsymbol:

a, e, i, o, u

Konsonantsymbol:

f, g, l, m, n, p, s, t, v

Bokstaven k blir også brukt i visse språk.

Dialektar Samoansk har ikkje geografiske dialektskilnader i vanleg forstand, men det er stor skilnad mellom tale- og skriftspråket.

Grammatikk Determinativ Samoisk har to determinativar, le og se. Determinativen le kan bli brukt både som bunden og ubunen determinativ, se er alltid ubunden. Determinativane er ikkje i bruk i fleirtal.

Talord Frå ein til ti er talorda:

tasi (1) lua (2) tolu (3) fa (4) lima (5) ono (6) fitu (7) valu (8) iva (9) sefulu (10)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Samoan» frå , den 4. juli 2010.

Bakgrunnsstoff

Samoisk-engelsk ordbok Samoisk grammatikk

Kategori:Malayopolynesiske språk Kategori:Språk på Samoa Kategori:Språk i USA Kategori:Einskildspråk