Eidatjørna er eit lite vatn i Bergen kommune i Hordaland. Det ligg ved Kalandseidet i Fana mellom Bahusvatnet og sjølve eidet. På andre sida av eidet ligg Kalandsvatnet. Eidatjørna er i røynda berre ei vik i Bahusvatnet, og berre eit 15 meter smalt og 30 meter langt sund, som lokalt berre vert kalla Sundet, ligg mellom dei.

Vatnet høyrer til Osvassdraget.

Langs breidda av vatnet ligg gardane Kaland i nord og nordaust, Fortunet i vest og Bahus i sør og søraust.

Kjelder Bergenskart - stednavnskart

Kategori:Innsjøar i Fana