Europaveg 10 (Noreg) (E10, Kong Olav Vs vei), er ein norsk stamveg som går mellom Å i Lofoten og riksgrensa på Bjørnfjell rett nord for Narvik. Vegen er 382 km lang.Iht.
Vegen går gjennom Å i Lofoten, Sørvågen, Reine, Ramberg, Leknes, Svolvær, Fiskebøl, Gullesfjordbotn, Tjeldsund bru, Bogen og Bjerkvik til Bjørnfjell.
Vegen gjekk tidlegare om Melbu, Stokmarknes og Sortland. Ny Europaveg 10 mellom Fiskebøl og Gullesfjordbotn («Lofast») opna 1. desember 2007. Delstrekninga mellom Fiskebøl og Raftsundet vart opna i 1998.
Strekninga mellom Å og Melbu fekk status som Nasjonal turistveg Lofoten 6. september 2007. Òg vegane til Nusfjord (), Vikten (), Unstad (), Eggum () og Henningsvær (Fv816) inngår i turistveien.Lofotposten: Åpnet Lofotens turistvei (6. september 2007)Turistveg.no: LofotenInfo frå Statens vegvesen
Veghistorie Vegen som i dag heiter europaveg 10 i Noreg heitte fram til 1992 riksveg 19. Før det heitte vegen mellom Bjerkvik og Troms grense ved Evenes riksveg 795.
Ein plan for Lofotvegen Å-Fiskebøl med ferje til Melbu vart godkjent av Stortinget i 1949. Men alt på slutten av 1930-talet definerte vegkomitéen i Nordland fylke Lofotvegen som strekninga Å-Lødingen. I 1963 var vegsambandet ferdig, med ferjesamband over fjordar og sund. Kong Olav V opna Lofotvegen Å-Svolvær offisielt den 1. august 1963. Ei minneplate med namnetrekket hans står i fjellet ved Akkarvik på Moskenesøya.
Seinare vart det bygd bruer og tunnelar for å erstatte ferjesambanda og dårlege vegparti. Mellom anna vart Tjeldsundbrua opna i 1967, Vesterålsbruene vart opna på 1970-talet, og Nappstraumtunnelen erstatta den siste ferjestrekninga på vegen i Lofoten i 1990. Vegsambandet over Bjørnfjell til Sverige opna i 1984.
Ein milepåle vart nådd da fastlandssamband til Lofoten (Lofast) mellom Fiskebøl og Gullesfjordbotn vart opna 1. desember 2007. Den nye vegen vart opna av dronning Sonja. Dermed kunne ein endeleg køyre ferjefritt mellom Lofoten og fastlandet.
Vegen frå E6 til den svenske grensa (Bjørnfjellvegen) vart opna i 1984. På svensk side opna vegen frå Kiruna til grensa i 1983. Vegen mellom Luleå og Kiruna er mykje eldre.
Som med mange andre vegar i Noreg er det i dag (2008) dårleg standard på vegdekket på delar av europaveg 10. NRK Nordland meldte 10. mars 2008 at Statens vegvesen ville vurdere å høvle ei strekning i Tjeldsund og Lødingen kommunar ned til grusveg om vegvesenet ikkje fekk pengar til å forsterke og nyasfaltere strekninga.NRK: Europaveg kan bli grusvei (10./11. mars 2008)
Kommunar og knutepunkt
Endepunkt Å i Lofoten Åtunnelen (123 m) Tind Sørvågen Moskenes → ferje til Bodø, Værøy og Røst (sjå ferjeruter ) Seljelitunnelen (1052 m) Djupfjordbrua (259 m) Ramsviktunnelen (404 m) Reine Storvalen bru Breisundet bru (240 m) Hamnøy
Fjøsdalen tunnel (1641 m)Lofot-Tidende: Tunnelen er åpnet! (14. mars 2008) Mølnarodden Kåkern bru (303 m) frå Kåkern til Sund i Lofoten (2,9 km) frå Finnbyen til Krystad (9,0 km) frå Spengervatnet til Ytre Skjelfjord (4,0 km) Ramberg frå Båtnesoddan til Nusfjord (6,2 km) frå Vareid til Vikten (4,2 km) frå Napp til Myrland (5,5 km) Nappstraumtunnelen (1776 m, 63 muh.)
Offersøyvegen (0,6 km), frå Offersøya til Høybakkmoa (6,3 km) frå Storeid til Gravdal (7,8 km) Storeid Leknes → Hurtigruten, biler kan tas med. til (0,5 km) Høybakkmoa frå Voll til Rise (2,7 km) Voll frå Liland til Unstad (8,8 km) frå Borg til Straumgard (8,9 km) frå Bøstad til Eggum (9,8 km) frå Straumgard til Borgvåg (4,4 km) Straumgard Haverringen frå Vonheim til Steira (17,7 km) Steira Smorten Sundklakkstraumen bru (271 m)
frå Sundklakk til Rødlia (15,6 km) Rødlia Gimsøystraumen bru (839 m) frå Kleppstad til Brenna (11,4 km) Rørvika Rørvikskartunnelen (726 m) Kabelvåg Osanbrua (ca. 165 m) Arm til Svolvær ferjekai (0,2 km) Ferje til Skrova og Skutvik (30 min. og 2 t) Nonshaugtunnelen (85 m) Svolvær → Hurtigruten, biler kan takast med. → Hurtigbåt, berre passasjerar → Svolvær, Skrova, Brettesnes, Holandshamn, Svartskard, Øksneshamn, Lødingen, Kjeldebotn, Liavika og Narvik «Perleporten» (Bygrensa) (36 m) Børratunnelen (133 m) til (0,4 km) frå Jordneset til Fiskebøl (46,9 km) Laupstad
Hattnestunnelen (165 m) Fiskebøl Strekninga Fiskebøl-Gullesfjordbotn, sjå òg Lofast Sløverfjordtunnelen (3337 m, 112 muh.)
Falkfjordtunnelen (396 m) Myrlandstunnelen (1966 m) frå Åsvatnet til Hanøyvågen (1,1 km) → ferje via Lonkan til Kaljord Raftsundbrua (711 m) frå Trivatnet til Holand i Vågan (29,6 km) Raftsundtunnelen (1530 m) Storåtunnelen (210 m) Ingelsfjordtunnelen (1260 m)
Vesterstraumen bru (305 m) Austerstraumen bru (196 m) Sørdalstunnelen (6338 m)
Gullesfjordbotn (endepunkt Lofast) frå Gullesfjordbotn til Gullholm (9,9 km)
Kanstadbotn Kanstad Kåringen
Fiskfjorden Kongsvik
Hamna
Tjeldsundbrua (1007 m)
Steinsland frå Djuphamn via Evenskjer til Bømyra (5,9 km) Elvemo, Fv116 til fylkesgrensa ved Planterhaug (10,5 km) → (Nordland) til Daleng
Nautå, → til frå Nautå til Evenes (3,8 km) frå Daleng til fylkesgrensa → Fv116 (Troms) til Elvemo frå Osvatnet til Stordal (2,4 km) frå Dragvika til Skar (19,7 km) Bogen Snubba
Bakkejordtunnelen (315 m) Herjangen frå Herjangshøgda til Herjangen (3,4 km) Bjerkvik, felles trasé til Trældal Øyjordveien frå Leirvik til Øyjord kai (2,4 km) Leirviktunnelen (549 m) Trældal Det høgaste punktet på vegen i Noreg, 520 moh. Riksgrensa, Bjørnfjell → (Sverige)
Sjå òg Europaveg 10 i Sverige Europaveg 10
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Europavei 10 (Norge)» frå , den 22. mai 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Ferjeruter Fiskebøl - Melbu Ferjerutet Melbu - Fiskebøl Samferdselsutredning for nordre Nordland/Sør-Troms
Kategori:Riksvegar Kategori:Europavegar Kategori:Vegar i Nordland Kategori:Vegar i Moskenes Kategori:Vegar i Flakstad Kategori:Vegar i Vestvågøy Kategori:Vegar i Vågan Kategori:Vegar i Hadsel Kategori:Vegar i Lødingen Kategori:Vegar i Tjeldsund Kategori:Vegar i Evenes Kategori:Vegar i Narvik Kategori:Vegar i Troms Kategori:Vegar i Kvæfjord Kategori:Vegar i Harstad Kategori:Nasjonale turistvegar Kategori:Den norske riksgrensa