Ole Svennsson Iglerød () var ein soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Aremark i Østfold.

Iglerød var son av ein gardbrukar i Aremark. I ungdomen gjekk han på skule i Fredrikshald. 1808-14 var han musketer ved søndenfjeldske infanteriregiment. I 1814 var han med i kampane mot Sverige. Han vart såra i ei hand under felttoget, og fekk sidan årleg ein liten pensjon.

Etter han var dimittert i 1814 reiste Iglerød heim og overtok same året farsgarden i Aremark. Denne dreiv han til ein son tok over garden, sjølv kjøpte han seg ein annan gard i heimbygda.

Iglerød var med i riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som utsending frå søndenfjeldske infanteriregiment. Han var ein av fire eidsvollsmenn som i 1864 deltok i femtiårsfesten for grunnlova. Iglerød arbeidde gjennom åra iherdig for å få i gang nye veganlegg.

Han døydde i Aremark i 1871.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve side 853-854

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Folk frå Aremark