Theofánis Gékas, betre kjend som Fánis Gékas () er ein gresk fotballspelar som har spela som spiss for Samsunspor i tyrkisk Süperlig og for det greske landslaget. Han har spelt for ei rekkje klubbar i Tyskland, England og Hellas, og skreiv under for Samsunspor 7. januar 2012. Han var toppskårar i den greske toppdivisjonen i 2004/05-sesongen då han spelte for dei to klubbane Kallithéa og Panathinaikós, og toppskårar i tysk Bundesliga i 2006/07-sesongen medan han spelte for Bochum. Han var òg toppskårar i Europa under kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010, med ti landslagsmål for Hellas under VM-kvalifiseringa. I 2007/08-sesongen var han Bayer Leverkusen sin toppskårar i Bundesliga med 11 seriemål. Han debuterte for Hellas sitt landslag i mars 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Albania.
Kategori:Greske fotballspelarar Kategori:Larisa-spelarar Kategori:Kallithea-spelarar Kategori:Panathinaikos-spelarar Kategori:Bochum-spelarar Kategori:Bayer Leverkusen-spelarar Kategori:Portsmouth-spelarar Kategori:Hertha Berlin-spelarar Kategori:Eintracht Frankfurt-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014