Johan Daniel Frederik Petersen () var ein norsk offiser og eidsvollsmann.
Petersen var fødd i Kristiania, der faren hans då var zahlkasserar. Han vart offiser i 1783, og var deretter i teneste for Preussen. Sidan gjekk han i teneste for Danmark-Noreg, vart premierløytnant i slesvigske infanteriregiment i 1783. Han steig i gradane til kaptein ved det norske jegerkorps i 1788, og vart major i 2. akershusiske infanteriregiment i 1801. I 1807 utnemnd til oberstløytnant, året etter til oberst og kommandør for sønnafjelske infanteriregiment. Han vart sjef for sønnafjelske infanteriregiment i 1811, og deltok i 1814 som visekommandant i forsvaret av Fredriksten festning, då som generalmajor. Same året tok han avskjed frå tenesta.
Petersen var våren 1814 utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll for sønnafjelske infanteriregiment. Han var medlem av konstitusjonskomiteen, og høyrde til sjølvstendepartiet.
Han døydde i hovudstaden i 1816.
Kjelde Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske offiserar Kategori:Politikarar frå Oslo