Ole Nicolai Løberg () var ein norsk prest, stortingsmann og fiskerikunnig. Han var far til Hjalmar Løberg.

Liv og gjerning Løberg var fødd i Sandsvær i Buskerud. Far hans var bokhaldar ved Kongsberg sølvverk. Sjølv gjekk han på skule i Drammen. Han vart student i 1823 og cand. theol. tre år seinare.

I 1827 vart Løberg utnemnd til sokneprest til Vikedal, og var i tillegg prost i Ryfylke frå 1837. Løberg vart 2. august 1845 suspendert frå embetet, og vart i prosteretten i oktober same år frådømt embetet. Domen vart stadfesta i Kristiania konsistorialrett.

Løberg var representant frå Stavanger amt på Stortinget 1839, 1842 og 1845. I 1839 var han medlem av næringskomite nr 1, 1842 av næringskomite nr 2 og om skysslova. Atter medlem av næringskomite nr 1 i 1845, og komiteen om trontalen. 30. juli 1845 fekk han 2-3 vekers permisjon frå stortinget, 12. august vedtok fullmaktskomiteen samrøystes å nekte han å møte i stortinget.

Etter han mista presteembetet budde Løberg på garden Solheim ved Bergen. Han dreiv då med studiar av særleg fiskerihistorie, men også økonomi. Ved fleire høve fekk han reisemidlar frå det offentlege, i 1866 reiste han til Finnmark for å verte kjend med fiskeria der. Same året deltok han med sine skrifter på ei fiskeriutstilling i Boulogne-sur-Mer i Frankrike. Han var i sine seinare år busett på Veblungsnes i Romsdal, og døydde der i 1868.

Verk Norges Fiskerier, 1864 Ellevte ordentlige Storting, en samling Karakterskildringer. Skriven saman med Nils Nilssen Dahl, utgjeven anonymt. 1845

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Kongsberg