Lukas Podolski, fødd som Łukasz Podolski, () er ein polsk-tysk tidlegare fotballspelar som i 2014 vart verdsmeister for Tyskland. Han har vorte tysk ligameister med Bayern München og vorte nasjonal cupmeister/pokalmeister i Tyskland, England, Tyrkia, Japan og Polen. Podolski var angrepsspelar, både veng og spiss, seinare også offensiv midtbanespelar.
Karriere Klubbspel Podolski debuterte i bundesliga hausten 2003 med FC Köln. Her var han med på nedrykk i 2004, opprykk i 2005 og nytt nedrykk i 2006. Han vart så overført til Bayern München, der han i 2008 var med på å vinne både bundesligaen og DFB-pokalen.
2009-12 var Podolski atter FC Köln-spelar, og etter kvart lagkaptein. Då Köln rykka ned i våren 2012, kom engelske Arsenal FC inn og skreiv kontrakt med Podolski. 17. mai 2014 sigra han og Arsenal 3–2 over Hull City i FA-cupfinalen. Etter å ha hamna på reservebenken hausten 2014, reiste Podolski til Italia og spel for AC Milan i vårsesongen 2015.
2015-17 var Podolski Galatasaray-spelar. Med klubben frå Istanbul vart han tyrkisk cupmeister i 2016. Frå juli 2017 til januar 2020 gjorde han teneste i den japanske J1-ligaen for Vissel Kōbe. 1, januar 2020 vann Vissel den japanske cupen med 2–0 over Kashima Antorāzu. Podolski var ikkje den einaste europearen på vinnarlaget, også spanske Andrés Iniesta (kaptein) og belgiske Thomas Vermaelen spelte for Vissel.
Etter halvtanna sesong i tyrkiske Antalyaspor, flytta Podolski kontrakt i juni 2021 til Polen og spel for Górnik Zabrze. Han la opp som spelar etter Gornik vann den nasjonale cupmeisterskapen i 2026.
Landslagsspel Podolski var med i Tyskland si tropp til alle dei store turneringane frå europameisterskapen 2004 til og med europameisterskapen 2016. Han fekk sin debut 6. juni 2004 og var innbytar i ein kamp i Fotball-EM 2004. Under Fotball-VM 2006 på heimebane deltok han i alle Tysklands sju kampar, og skåra tre mål i ei turnering som med siger i bronsefinalen. Også i Fotball-VM 2008 skåra han tre mål og han var med i alle kampane til Tyskland, som tapte 0–1 i finalen mot Spania.
Under verdsmeisterskapen 2010 i Sør-Afrika skåra han mot England i gruppespelet, for så å oppleve at Spania i semifinalen på ny vann 1–0 over Tyskland. I Fotball-EM 2012 deltok i fire av Tyskland sine fem kampar, laget slått ut av Italia i semifinalen. I 2014 vart Podolski verdsmeister med Tyskland, sjølv spelte han einast i to kampar i gruppespelet. To år seinare var han innbytar i EM-kampen mot Slovakia, elles benkeslitar i turneringa. 22. mars 2017 spelte han sin 130. og siste landskamp og skåra han kampens einaste mål, hans 49. for Tyskland. I dette oppgjeret mot England fekk han også vere kaptein.
Merittar Verdsmeister: 2014 for Tyskland VM-bronse: 2006 og 2010 for Tyskland EM-sølv: 2008 for Tyskland EM-bronse: 2012 for Tyskland Tysk ligameister: 2008 for Bayern München Vinnar av DFB-pokalen: 2008 for Bayern München Vinnar av FA-cupen: 2014 for Arsenal FC Tyrkisk cupmeister: 2016 for Galatasaray Japansk cupmeister: 2019 for Vissel Kobe Polsk cupmeister: 2026 for Górnik Zabrze
Ymse Podolski er fødd i Polen. Mora var polsk landslagsspelar i handball og faren var profesjonell fotballspelar. Familien hans emigrerte til Vest-Tyskland i 1987, der dei fekk opphald fordi faren var etnisk tysk. Podolski har framleis polsk statsborgarskap, men tysk pass.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lukas Podolski» frå , den 7. august 2026.
Bakgrunnsstoff
eu-football
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Polske fotballspelarar Kategori:Köln-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016