mini|Minnebauta over Apeness (og Herman Wedel-Jarlsberg) utanfor Sem kyrkje Ole Rasmussen Apeness () var ein norsk soldat, lensmann, gardbrukar og eidsvollsmann.

Apeness var frå Borre i Vestfold. Han vart soldat i 1783, og deltok i felttoget mot Sverige i 1788. Sidan var han underoffiser i fem år. År 1794 vart han lensmann i Borre, eit ombod han hadde i 30 år. Han kjøpte då, 1824, ein gard i Sem, og budde der resten av livet. 1808-45 var han med i forlikskommisjonen. Apeness var haugianar og ein leiarskikkelse i heimbygda si.

I 1814 var Apeness utsending frå Jarlsberg grevskap til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han røysta med unionspartiet.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kjell Jakobsen: «Apeness-slekten, gården og dens omgivelser» , Borreminne, årsskrift for Borre Historielag, 1993

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Horten