Benoît Assou-Ekotto () er ein kamerunsk-fransk fotballspelar som har spela i forsvar for Tottenham Hotspur i engelsk Premier League, og for det kamerunske landslaget. Assou-Ekotto er fødd og oppvaksen i Frankrike med kamerunsk far. Han gjekk frå Lens i Frankrike til Tottenham i 2006 for ein ukjend overgangssum, som media spekulerte i låg på 3,5 millionar britiske pund. Frå 2006 av sa han fleire gonger nei til å spela for Kamerun sitt landslag fordi han håpte å få spela for Frankrike. I 2009 gav han tilsynelatande opp å få spela for Frankrike sitt landslag, og sa ja til Kamerun. Han debuterte for Kamerun 11. februar 2009 i ein vennskapskamp mot Guinea. Han gjekk glipp av Afrikameisterskapen i 2010, men vart med i troppen til fotball-VM i 2010.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Kamerunske fotballspelarar Kategori:Lens-spelarar Kategori:Tottenham-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014