Peter Ludvig Munthe Bull () var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Bull var fødd i Kvernes på Nordmøre, der far hans var prest. Han tok norsk juridisk eksamen. Frå 1812 var han fut i Råbyggelaget, berre etter eit år der vart han fut i Strinda. Fut i Romsdal 1818-34.

Bull representerte Romsdals amt på Stortinget i 1818. Han var medlem av sju komitear, mellom anna formann i ein komite om kronings-insigniane og sekretær i protokollkomiteen. Også vald til stortingsmann for 1821, møtte ikkje. Han var då under tiltale for sin medverknad i ei sak vedkomande ein sorenskrivar, vart dømd til å betale mulkt og sakskostnader. Grunna sjukdom møtte han heller ikkje i 1822.

Bull døydde på Røbekk i Bolsøy, i dagens Molde, i 1843.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Averøy