Ketil Lund () i Oslo er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett. Lund tiltredde stillinga som høgsterettsdommar 10. september 1990 og fråtredde stillinga 1. november 2009 då han gjekk av for aldersgrensa.
Ketil Lund tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1965. Han har tidlegare arbeidd blant anna som dommarfullmektig, advokat hos Regjeringsadvokaten og som privatpraktiserande advokat før han blei utnemnd til høgsterettsdommar i 1990.
Ketil Lund var formann for Stortingets granskningskommisjon for de hemmelige tjenester frå 1994 til 1996, den la fram den såkalla Lund-rapporten.
Lund vann Ossietzky-prisen i 1998.
Bakgrunnsstoff Lund-rapporten hos Stortinget.no, vitja 14. juni 2010
Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:Folk frå Oslo