Dire Straits er debutalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 7. oktober 1978 av Vertigo Records interasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Albumet inneheld hitsingelen «Sultans of Swing», som nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA og åttandeplassen på UK Singles Chart i Storbritannia. Albumet nådde toppen av albumlistene i Australia og Frankrike, andreplassen i USA og femteplassen i Storbritannia. Dire Straits selde til dobbel platinaplate i USA og Storbritannia.

Bakgrunn Dire Straits vart til gjennom eit musikalsk samarbeid mellom brørne Mark og David Knopfler. Etter å ha gått ut frå college med ein grad i engelsk, byrja Knopfler å arbeide som journalist for Yorkshire Evening Post. Han ønskte ein karriere innan musikk, og byrja som lærar ved Loughton College medan han spelte musikk på kvelden, i forskjellige pubar kring byen, som Brewer's Droop og Cafe Racers. Etter ein skilsmisse og økonomiske problem, flytta Knopfler inn i leiligheita til broren David, der John Illsley òg budde.

I 1977 valde Mark, John og David å starte eit band. Dei tok med seg trommeslagaren Pick Withers og byrja å øve. Ein ven av dei gav gruppa namnet, som refererte til den økonomiske situasjonen deira (namnet tyder «i alvorleg pengeknipe»). Etter nokre få månader med øvingar, lånte bandet nok pengar til å få spelt inn ein demo med fem songar, som inkluderte songen «Sultans of Swing». Dei tok lydbandet med seg til plateprataren Charlie Gillett, som hadde eit radioshow kalla «Honky Tonk» på BBC Radio London. Bandet respekterte Gillett og ønskte å få råd frå han. Gillett likte det han høyrte og starta å spele «Sultans of Swing» på showet sitt. To månader seinare fekk Dire Straits platekontrakt med Phonogram Records.

Innspeling Dire Straits vart spelt inn i Basing Street Studios i London frå 13. februar til 5. mars 1978. Knopfler nytta eit par gitarar for innspelinga, mellom anna eit par raude Fender Stratocasterar—ein frå 1961 (serienummer 68354) og ein frå 1962 (serienummer 80470). Han spelte sin 1938 National Style O 14 fret gitar (serienummer B1844) på «Water of Love» og «Wild West End». Han nytta òg ein svart Telecaster Thinline (serienummer 226254) på «Setting Me Up». Ein uidentifisert akustisk gitar vert òg nytta på fleire songar. Albumet vart produsert av Muff Winwoodog lydteknikaren var Rhett Davies.

Utgjeving

Singelen «Sultans of Swing» nådde topp fem på singellista i USA tidleg på våren 1979 og vart ein stor hit fem månader seinare då albumet kom ut der, og steig så til åttandeplassen i Storbritannia. «Water of Love» vart òg gjeve ut som singel i somme land, og gjekk inn på salslista i Australia, der han nådde 54. plassen, og i Nederland, der han nådde 28. plassen. I Europa selde albumet fire millionar eksemplar, og i USA aleine selde det to millionar.

Albumet vart remastra i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 i det meste av verda utanom USA og i 2000 i USA.

Plateomslaget er henta frå eit måleri av Chuck Loyola. Dire Straits Fender-ikonet som finst på baksida av omslaget, vart laga av Geoff Halpern.

I AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire av fem strjerner og kalla det «merkverdig fullendt for å vere ein debut». Erlewine hylla Knopfler sine «små, smakfulle gitarlinjer og den rustne songen» og hans «helling mot Dylan-aktige bilete, som forsterkar den røykfylte, dempa atmosfæren på albumet.»

I meldinga si for Rolling Stone skreiv Ken Tucker at bandet «spelar stramt, ei blanding av rock, folk og country med ei ekte and og vittig ironi. Det er nesten som om dei er klar over at styrken deira er at dei har ingenting å gjere med det som skjer akkurat no i musikkindustrien, men at dei ikkje kunne bry seg mindre.» Tucker peikte på «Sultans of Swing» for sine «uungåelege strofer» og «Bob Dylan-aktig snerr i vokalen». Han hylla òg «Setting Me Up» som eit «himmelsk nummer, morosam og bitter.»

Turné Dire Straits marknadsførte utgjevinga av den første singelen og albumet sitt med ein turné, som starta 6. juni 1978 i Lafayette Club i Wolverhampton, og bestod av 55 konsertar. Turneen enda 18. november 1978 ved College of Education i Hitchin. Den europeiske turneen bestod av konsertar i Storbritannia, Frankrike, Belgia, Tyskland og Nederland. DEsse konsertane presenterte Dire Straits for dei største publukuma til bandet til då. Den første delen av turneen marknadsførte singelen «Sultans of Swing». Denne fann stad i Storbritannia juni og juli 1978. GRuppa spelte typisk i små salar med maksimum kapasitet på eitt tusen. Den andre delen av turneen marknadsførte albumet, og denne fann stad i fleire europeiske land, der dei møtte journalistar og spelte på fjernsynsprogram.

Innhald

Det originale albumet hadde ein noko kortare versjon av «Sultans of Swing», der dei siste sekunda av gitarsoloen på slutten av songen er fjerna. Den fulle versjonen vart teken med på den remastra utgåva av albumet. Kasettversjonar av albumet hadde ofte byta om på dei to sidene og bestod av spor 6–9 på sida A og 1–5 på side B. På den franske kassettutgåva var «Down to the Waterline» og «Wild West End» byta om.

Medverkande Musikk Mark Knopfler – vokal, solo- og rytmegitar David Knopfler – rytmegitar, vokal John Illsley – bass, vokal Pick Withers – trommer

Produksjon Muff Winwood – produsent Rhett Davies – lydteknikar Chuck Loyola – måleri Paddy Eckersley – fotografi Alan Schmidt – design Bob Ludwig – remastering

Lister og salstrofé

Album Dire Straits låg 132 veker på UK Album Chart. I Australia var albumet det tiande mestseljande i 1978.

Liste (1978)PlasseringAustralia1Austerrike17Frankrike1Tyskland3Noreg10New Zealand2Sverige6UK Album Chart5US Billboard 2002

Singlar ÅrSongBillboard Hot 100UK Singlar 1979 «Sultans of Swing»48

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIANZ – New ZealandGullDesember 1978BPI – UKSølv2. februar 1979RIAA – USAGull21. februar 1979ARIA – AustraliaPlatinaFebruar 1979RIANZ – New ZealandPlatinaFebruar 1979RIAA – USAPlatina27. mars 1979BPI – UKGull30. mars 1979IFPI – GermanyGull3. april 1979BPI – UKPlatina23. november 1979IFPI – GermanyPlatina1979SNEP – FrancePlatina1982BPI – UK2x Platina7. februar 1986RIAA – USA2x Platina6. januar 1987

Fotnotar

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Dire Straits (album)» frå , den 15. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Dire Straits på Mark Knopfler si offisielle nettside Dire Straits på Radio3Net

Kategori:Dire Straits-album Kategori:Phonogram Records-album Kategori:Debutalbum frå 1978 Kategori:Album produserte av Muff Winwood Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Engelskspråklege album