Shaun Cameron Wright-Phillips () er ein engelsk tidlegare fotballspelar som har spela for Queens Park Rangers i engelsk Premier League, og for det engelske landslaget. Han vart seriemeister i England med Chelsea i 2006.

Landslagsspel Wright-Phillips debuterte på landslaget 18. august 2004 som innbytar i ein kamp mot Ukraina, skåra Englands siste mål i kampen. Fram til oktober 2010 representerte han England i 36 landskampar, var innbytar i 21 av dei. Einast i fire landskampar spelte han frå start til sluttsignalet lydde. Han deltok i VM i fotball 2010, innbytar i tre av oppgjera. Wright-Phillips skåra 6 landslagsmål.

Kjelder eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Queens Park Rangers-spelarar