Gåsemure (Potentilla anserina eller Argentina anserina) er ein krypande fleirårig urt i rosefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.
Gåsemuren vart tidlegare rekna til slekta Potentilla, men har saman med grønlandsgåsemure vorte skilde ut i den eigne slekta Argentina på 1990-talet.A key to the Potentilla complex Omklassifiseringa har vore kontroversiell, og er ikkje akseptert av alle autoritetar. Gåsemure utgjer ei artskompleks som ofte er blitt delt inn i fleire ulike artar.
Planta vert kring 5 cm høg og har krypande stenglar som set røter ved ledene. Ho har mangefinna blad med kvasse tenner som er silkehåra på undersida, stundom også på oversida. Ytterbegeret er flika eller tanna. Blomane har spisse begerblad som ikkje er lengre enn ytterbegerblada.
Gåsemure blømer kring juli. Palnta er vanlegast på havstrender, men finst også på vegkantar og fuktig mark. Ho veks over heile Noreg, i Jotunheimen er ho funnen opp til 925 meter over havet.
Kjelder
Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985. Denne artikkelen bygger på «Gåsört» frå , den 24. juni 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Rosefamilien Kategori:Medisinplantar