Småmarimjelle (Melampyrum sylvaticum) er ei eittårig urt i snylterotfamilien med ei europeisk utbreiing. Arten har før vore rekna til maskeblomfamilien.

Planta er 15 cm høg med ein oftast lite greina stengel. Blomen har ei gullgul krone som er kring 8 mm lang. Han har grann kronrøyr som ikkje er lengre enn dei trekanta begertennene. Kapselen har oftast to frø.

Småmarimjelle er heimleg og blømer kring juli i skogen og langt opp på fjellet over heile Noreg. Arten er funnen opp til 1350 m i Jotunheimen.

Kjelder

Tysk Wikipedia.

Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Marimjelleslekta