Eide er ein tettstad i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Staden var tidlegare administrasjonssenteret i tidlegare Eide kommune. Tettstaden ligg på nordsida av Isingvågen i Kornstadfjorden og har . Han var den einaste tettstaden i Eide kommune.
Tettstaden har grunnskole, barnehage, daglegvarebutikk og psykiatrisk bu- og behandlingssenter. På Eide står Eide kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1871. Ved tettstaden er det steinbrot og steinindustri.
Fylkesveg 64 frå Molde til Kristiansund gjev kortaste veg frå Eide til begge byane. Eide har også gode bussamband til både Molde og Kristiansund. Frå tettstaden fører fylkesveg 279 langs Kvernesfjorden austover til E39 i Gjemnes kommune.
Kjelder
Kategori:Busetnader i Hustadvika Kategori:Tettstader i Møre og Romsdal