Bjørnøya er ei øy i Barentshavet på 178 km². Øya vart oppdaga av den nederlandske oppdagingsreisande Willem Barents 10. juni 1596. På veg inn til land møtte folka hans ein symjande isbjørn. Frå det kjem namnet Bjørnøya (Beeren Eiland på nederlandsk). Øya høyrer til Noreg politisk sett. Ho er ganske avsidesliggjande og ligg eit stykke sør for Spitsbergen, men ho er ein del av øygruppa Svalbard. Ho er òg ein del av Svalbard administrativt sett, og dimed underlagt Svalbardtraktaten. På grunn av den geografiske plassen øya ligg på er ho sidan 1900-talet vorten stadig meir strategisk interessant, både frå ein militær, økonomisk og ressursmessig synsvinkel. Farvatna rundt Bjørnøya har vore eit av dei områda der omlasting av overfiska torsk har gått føre seg.
Historie mini|venstre|Eit møte med ein symjande isbjørn i 1596 har gjeve øya namn.
På 1600- og 1800-talet vart det drive intens fangst av kvalross på Bjørnøya og fleire andre stader i Arktis, noko som førte til at førekomsten vart utrydda. Mange fangstfolk fraus eller svalt i hel. Funn i ein del graver tyder òg på valdsbruk mellom dei ulike fangstekspedisjonane.
Ein har òg drive jakt på isbjørn. Dessutan har det vore norsk og russisk kvalfangst og selfangst i havområda kring øya. Restar av ein kvalstasjon frå 1905–08 ligg på øya.
Statusen til Bjørnøya som norsk land vart endeleg fastslegen i Svalbardtraktaten av 9. februar 1920. Underteikninga fann stad i Paris. Signaturstatane var, utanom Noreg, USA, kongeriket Storbritannia og Irland, kongeriket Danmark, Frankrike, kongeriket Italia, keisarriket Japan, kongeriket Nederland og kongeriket Sverige. Blant dei landa som seinare tiltredde avtalen var blant anna Sovjetunionen (sjølv om sovjetarane i 1944 såg for seg ei anna løysing, sjå lengre ned).
Ikkje berre nordmenn men òg svenskar har gjennomført geografiske ekspedisjonar for å utforske øya. Ein svensk ekspedisjon gjennomførte dei fyrste undersøkingane i Ellasjøen, ein innsjø som ligg på den sørlege delen av Bjørnøya. I perioden fram til 1930-talet var det fleire ekspedisjonar som skildra geologi, flora og fauna.
Heilt sidan 1609 har ein vore kjent med at øya hadde førekomstar av kol. Gruveanlegget ved Tunheim vart etter kvart etablert med 25 hus, og i perioden 1915–40 vart det gjort optimistiske, men mislukka forsøk på lønsam gruvedrift. Rester av jarnbanelina frå gruvene til utskipingshamna på øya er framleis synleg.
Heile Bjørnøya var i privat eige frå Bjørnøen AS vart skipa i 1918 fram til 1932, då staten overtok alle aksjane. Bjørnøen AS eksisterer framleis som eit statleg aksjeselskap. Styret for Kings Bay AS er òg styre for Bjørnøen AS. Styret er underlagt eigarskapsseksjonen i Nærings- og handelsdepartementet.
Etter ubåthavariet i 1989 Den 7. april 1989 braut det ut brann på den sovjetiske atomubåten K-278 «Komsomolets», og han sokk 74 km sørsøraust av Bjørnøya. Av mannskapet på denne åtaksubåten omkom 42, mens 25 vart redda. Andre episodar av liknande (men truleg mindre alvorleg) karakter skjedde i same periode i farvatn noko lenger unna Bjørnøya. Norske analyser av prøver tatt i 1994 på havbotnen ved «Komsomolets» har vist at radioaktivt plutonium lek eller har leke ut av dei to atomtorpedoane i vraket .
I 2002 vart Bjørnøya med sjøområdet ut til fire nautiske mil freda som naturreservat.
Geografi mini
Mesteparten av øya er verna som Bjørnøya naturreservat. Midtpunktet på øya ligg kring 74°26′ N 19°04′ A. Bjørnøya naturreservat vart oppretta ved kongeleg resolusjon den 16. august 2002. Naturreservatet omfattar heile øya og tilhøyrande sjøområde ut til fire nautiske mil, med unnatak av eit mindre landareal (1 200 daa) omkring stasjonen i nord.
Øya er omtrent hjarteforma, med ein spiss omtrent rett mot sør, og måler om lag 20 km frå nord til sør. Ho er om lag 15 km på det breiaste. Ho stikk opp frå eit undervassplatå med djup på mindre enn 100 meter. Øya er sterkt påverka av bylgjeaktivitet, og er difor nesten overalt omgjeven av bratte berg. Landskapet kan naturleg bli delt i eit sørleg fjellområde og eit nordleg låglandsområde. Fjellområdet utgjer om lag 1/3 av arealet av øya, mens låglandsområdet utgjer 2/3. Låglandsområdet endar oftast i ein 10-30 meter høg og bratt kant mot sjøen, noko som dei fleste stader gjer landing med båt vanskeleg. Det finst einskilde viker med sandstrender og sandbotn, men heller ikkje desse er særleg godt verna mot vind og sjø. Kystlina er svært eksponert overalt, og havet grev seg stadig innover, særleg i dei yngre, lause bergartane der erosjonen går raskt.
Den sørlege delen av øya er dominert av fjellmassiv. Miseryfjellet med dei tre toppane Urd (536 meter) Verdande (462 m) og Skuld (454 m), og Antarcticfjellet på 360 m pregar søraustkysten. Frå sørspissen og fem kilometer oppover langs vestkysten reiser Fuglefjellet (411 m), Hambergfjellet (440 m) og Alfredfjellet (420 m) seg som høge berg frå havet. Rundt den sørlegaste delen av øya er det loddrette stup på meir enn 400 m som går rett i havet. Høge, frie fjellvegger nær kysten finn ein òg på austsida av Miseryfjellet. Nær sørspissen har erosjonen til bylgjene saman med oppsprekkinga i bergartane forma trolske oppstikkande «staurar», som Sylen og Stappen. Mindre staurar finst òg på nordaust- og vestsida av øya. På sørøya finn ein kystholer, blant anna den kjente Perleporten kor det er råd å passere med småbåt.
mini|300px|Bjørnøya, sett frå vest.
Bjørnøya har over 700 små vatn, som dekkjer omkring elleve prosent av arealet. Dei største vatna er Øyangen midt på øya og Laksvatnet i nord. I sør ligg Ellasjøen, som fekk namnet sitt etter namnet på kona til leiaren for ein svensk forskingsekspedisjon på 1920-talet. Mellom andre vatn kan ein nemne Spælvatnet, Vomma, Helin, Kalven, Lomvatnet og Hausvatnet.
Dyre- og fugleliv, ferskvassfisk Det er sjøfuglane som dominerer dyre- og fuglelivet på Bjørnøya. Dei hekkar i bergveggene rundt heile øya, men spesielt store er koloniane rundt sørspissen. Samla sett blir Bjørnøya rekna for å ha ein av dei største sjøfuglkoloniane på den nordlege halvkula. Ein av grunnane til opprettinga av Bjørnøya som naturreservat var at torvavsetjinga på toppen av fuglefjella er sårbare, og ville kunne bli påført stor skade eller bli øydelagde utan eit tilstrekkeleg vern.
Fuglar Heile 126 fuglearter er registrerte på eller ved øya, somme av dei rett nok truleg tilfeldige gjestingar av fugl med leveområde lenger sør. 33 artar er registrerte som hekkande. mini|220px|Lunde. Blant dei mange fugleartane som hekkar på øya kan ein mellom anna nemne: alkefugl (som lomvi, polarlomvi (òg kalla islom), alkekonge, lunde, teiste og alke), måsefuglar (som krykkje, polarmåse, svartbak og raudnebbterne), vassfuglar som andefuglar og lommar, og andre sjøfuglar som havhest, tjuvjo og storjo. Snøsporven er den einaste sporvefuglen som er vanleg på Bjørnøya, likevel trur ein at nokre få steinskvettar òg hekkar her.
Om hausten er Bjørnøya viktig rasteplass og beiteområde for trekkjande gjæser på veg sørover til vinterområda frå Spitsbergen og andre delar av Svalbard. Dette gjeld fyrst og fremst kvitkinngås, der så godt som heile førekomsten mellomlandar på Bjørnøya. Kortnebbgås og ringgås nyttar òg Bjørnøya til mellomlanding på veg sørover. Nokre få par av kortnebbgås og kvitkinngås hekkar på øya.
Andre polare fuglar som er observert er svalbardrype og snøugle.
Pattedyr Av pattedyr er det ein unnseleg førekomst av polarrev på øya, og det er jamlege gjestingar av isbjørn òg.
Ferskvassfisk Ferskvassfaunaen blir skildra som fattig. Svalbardrøye er den einaste fiskearten.
Den strategiske betydninga til Bjørnøya Både under andre verdskrigen og under den kalde krigen hadde farvatna rundt Bjørnøya stort militærstrategisk verd. Sjølv om militærinstallasjonar eller hamner på sjølve øya ikkje gjev mykje meining, har det vore av stort verd kva land eller alliansar som har herska over denne delen av Barentshavet.
Under andre verdskrigen kom korkje Bjørnøya eller resten av Svalbard under tysk militær kontroll, men i september 1941 plasserte den tyske marinen ein automatisk radiostasjon på øya.
Dei vestallierte forsyningskonvoiane med militærutstyr til sovjetrussarane sigla frå Atlanterhavet og forbi Bjørnøya (sør eller nord for øya) på vegen sin til Murmansk og andre hamner på Kolahalvøya, og åtaka frå den tyske krigsmarinen og Luftwaffe på konvoiane var særleg intense i nettopp dette farvatnet. Til dømes hadde konvoien PQ-17, den som vart gjenstand for dei kraftigaste åtaka, dei største tapa sine i området nord for Bjørnøya i juli 1942. Dei nesten like dramatiske åtaka på konvoien JW 51B fann stad nyårskvelden 1942 aust for Bjørnøya.
Sjøslaget ved Nordkapp mellom den britiske og den tyske marinen utspelte seg over eit stort sjøområde søraust for Bjørnøya jula 1943, og byrja nokså nær Bjørnøya. Her miste tyskarane slagskipet «Scharnhorst».
mini|venstre|upright|Utanrikskommissæren til Sovjetunionen, Vjatsjeslav M. Molotov.
I november 1944 kom utanrikskommissæren til Sovjetunionen, Vjatsjeslav M. Molotov, med framlegg til den norske utanriksministeren, Trygve Lie (London-regjeringa), om at Svalbardtraktaten skulle bli annullert, eller «kastast i papirkorga», som han sa. Molotov meinte at hovudøygruppa med Spitsbergen skulle gjerast til eit norsk-sovjetisk «kondominium», dvs. komma under norsk-sovjetisk felles administrasjon. Bjørnøya skulle derimot bli overført til sovjetisk suverenitet. Seinare, i april 1945 var «framlegget» justert: No meinte russarane at ein skulle einast om at «forsvaret av Svalbard-øygruppa er eit fellesomstende for Noreg og Sovjetsamveldet.» Til gjengjeld unngjekk dei omgrepet «kondominium», og det vart ikkje sagt noko om at Bjørnøya skulle bli overført til sovjetisk suverenitet.
Sovjetunionen fråfall deretter i all stille den pågåande interessa si for justeringar av status quo.
mini|Det elektroniske utstyret i halen til P-3C Orion-flya til 333-skvadronen gjer dei til gode ubåtjegerar.
Under den kalde krigen var farvatna mellom Finnmark og Svalbard av stor militær interesse. Den sovjetiske nordflåten måtte gjennom desse farvatna for å nå ut til Nordatlanteren. Dette gjaldt utan vilkår alle overflateskipa, og sjølv om ubåtane kunne nytte seg av ruter nord for Svalbard ville dei likevel vanlegvis passere mellom det norske fastlandet og Bjørnøya, eller mellom Bjørnøya og Spitsbergen, ettersom dette var den kortaste og lettaste kursen. NATO-overvakinga av farvatna var intens, både med skip, fly (som frå den norske 333-skvadronen), satellittar og til dømes lytteutstyr på havbotnen.
Den norske kystvakta og 337- og 330-skvadronane i luftforsvaret er framleis engasjert i overvaking av farvatna, men no er hovudgrunnen for overvakinga knytt til forvaltinga av dei store fiskeriressursane i havområda. Det gjeld å hindre overfiske og tjuvfiske. Det har vore, og tildels er, særlege vanskelege konfliktar med utanlandske fiskarar, mellom anna med islandske og russiske fiskebåtar.
I slutten av oktober 2005 sa sjefen for kystvakta, Geir Osen, at ein i 2004 dokumenterte eit uregistrert fiske i Barentshavet på 100 000 tonn torsk. Det svarer til fisk for éin milliard kroner eller ein femdel av det lovlege fisket i området. Det er i hovudsak russiske fiskefarty som står bak tjuvfisket, meinte Osen. På sikt kan overfiske føre til at ein ikkje når målet om ei berekraftig utvikling.
Kystvakta har registrert at det skjer mykje omlasting av fisk til havs. Omlasting tyder at eit fiskefarty leverer fangsten til eit transportfarty som bringar fiskeprodukta til land, for eksempel ei hamn i Europa. Kystvakta meinte at mykje tyder på at ein del av fisken som blir omlasta, aldri blir rapportert til dei norske styresmaktene. Dimed blir kvotane overfiska. Overfisket er ein trussel mot spesielt førekomsten av torsk i Barentshavet.
Bjørnøya og Hopen har tradisjonelt vore dei områda der omlastinga har skjedd. I 2004 vart det òg registrert auka omlasting i Gråsona, Smuttholet og Smutthavet.