Xabier Alonso Olano, kjend som Xabi Alonso () er ein spansk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Real Madrid i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han var med på å vinna den europeiske meisterligaen med Liverpool i 2005. I 2003 vart han kåra til årets spanske spelar. Med Real Madrid vart han spansk seriemeister i 2012 og vann den europeiske Meisterligaen i 2014.

Xabi Alonso debuterte for Spania sitt A-landslag i april 2003 i ein privatlandskamp mot Ecuador. Han spelte to kampar, ein frå start og ein som innbytar, i fotball-EM i 2004. Han skåra det første landslagsmålet sitt under fotball-VM i 2006. Då Spania vart europameistrar i 2008 spelte han for det meste som innbytar, i fire av Spania sine seks kampar. I VM i 2010 spelte han frå start i alle dei sju kampane då Spania vart verdsmeistrar i Sør-Afrika. I EM i 2012 spelte han igjen heile kampen i alle Spania sine kampar då dei igjen vart europameistrar.

Kategori:Spanske fotballspelarar Kategori:Real Sociedad-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014