thumb|400px|Kart over Drammensbanen (svart line) og Askerbanen (raud line, tunnelstrekningane er stipla) Askerbanen er ei dobbeltspora jarnbaneline mellom stasjonane Lysaker i Bærum kommune på grensa til Oslo og Asker i Asker kommune. Opninga av Askerbanen JBV

Askerbanen er konstruert for høg fart og avlastar den gamle dobbeltspora Drammenbanen på denne sterkt trafikkerte strekninga ved å take fjerntrafikken og mykje av godstrafikken, medan Drammenbanen hovudsakleg vert reservert for den lokale trafikken i dette tettfolka området. Askerbanen har berre dei fire stasjonane Asker, Sandvika, Lysaker og Skøyen, som er sams for både Askerbanen og Drammenbanen, medan Drammenbanen har langt fleire haldeplassar på same strekninga.

Det meste av Askerbanen ligg i dobbeltspora tunnel; det er berre forbi Sandvika i Bærum kommune og ei stutt strekning ved Åstad i Asker kommune at bana ligg i dagen.

Det fyrste byggesteget av Askerbanen, parsellen mellom Sandvika stasjon i Bærum kommune og Asker stasjon i Asker kommune, vart opna i 2005. Det andre byggesteget, parsellen mellom Sandvika stasjon og Lysaker stasjon i Bærum kommune, vart opna i 2011.

Framtidig utbygging Det er planlagt å forlenge banen til Skøyen stasjon i Oslo. Det er imidlertid ikkje prioritert og er ikkje med i Nasjonal transportplan 2014-2023. Denne utbygginga har òg samanheng med kva for løysing ein etterkvart vil velje for ein ny dobbeltspora tunnel gjennom Oslo.

Linjekart

Referansar

Kategori:Jarnbanestrekningar i Noreg med persontrafikk Kategori:Jarnbanestrekningar i Oslo Kategori:Jarnbanestrekningar i Akershus Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 2005 Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 2011 Kategori:2005 i Noreg Kategori:2011 i Noreg