Jesús Navas González () er ein spansk fotballspelar som spelar for Sevilla (2020). Han har òg landskampar for Spania. Navas var med på å vinna UEFA-cupen med Sevilla i 2006 og 2007.

Navas lir av kronisk heimlengt og panikkanfall i så sterk grad at han har forlate treningsleirar som har vore for langt borte frå Sevilla og har vore open om dette.Wenger may gamble on nervy Navas; Mirror Football, 21. november 2006 Han vart rekna som ein lovande landslagsspelar på U21-nivå, men måtte gi seg med landslagsspel på grunn av angstproblema. I august 2009 kunngjorde han at han ville freista å overvinna desse problema for å kunne spela landslagsfotball, og han debuterte for A-landslaget 14. november 2009 i ein heimekamp mot Argentina. Han vart teken ut til fotball-VM i 2010 i Sør-Afrika, og skåra det første landslagsmålet sitt i ein oppvarmingskamp mot Sør-Korea før VM, 3. juni 2010. Under sjølve turneringa starta han kampen mot Honduras i gruppespelet og kom inn som innbytar i gruppekampen mot Sveits og finalen mot Nederland, då Spania vart verdsmeistrar.

Fotnotar

Kategori:Spanske fotballspelarar Kategori:Sevilla-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012