Thorvald Christian Christensen () var ein norsk jurist, stortingsrepresentant og ordførar i Arendal. Halvor Olaus Christensen var far hans, Christian Christensen Kollerud farfaren.

Christensen vart fødd i Stavanger. Han reiste til Christiania for å studere i 1849. Han tok juridisk embetseksamen, cand. jur., i 1856, og var tilsett i Finansdepartementet, der han vart byråsjef i 1872. Under verdsutstillingga i Paris 1867 var han norsk kommissær, same året vart han kammerherre ved det norske hoffet.

I 1875 takka han nei til å bli dommar ved den internasjonale domstolen i Egypt.

Christensen flytta i 1881 til Arendal, der han fekk arbeid som tollinspektør, og budde i byen som ungkar resten av sitt liv. Han engasjerte seg politisk, og var ordførar i byen frå 1887 til 1895. Elles var han mykje interessert i kunst og tok initiativ til opprettinga av portrettgalleriet i Arendal rådhus.

I 1889 vart Christensen vald inn på Stortinget som 1. representant for Arendal og Grimstad på partiet Høgre sitt program.

Utmerkingar Christensen vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1867, og til kommandør av 2. klasse i 1895, riddar av Vasaordenen, kommandør 2. klasse av Zähringerløvens orden og riddar av den franske Æreslegionen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Arendal og Grimstad Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Ordførarar i Arendal Kategori:Høgreordførarar i Aust-Agder Kategori:Norske juristar Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vasaordenen Kategori:Æreslegionen Kategori:Folk frå Stavanger