Erik Martinusson Løken () var ein norsk gardbrukar, lensmann og politikar frå Eid i Nordfjord.

Løken var gardbrukar på farsgarden i Eid. Han var ordførar i heradsstyret, sparebankdirektør og forlikskommissær.

Løken var stortingsmann frå Nordre Bergenhus 1854-1871. Han var 1854 medlem av budsjettkomiteen, 1857 vegkomiteen, 1859-60 sekretær i gasje- og pensjonskomiteen, 1862-63 medlem av Lagtinget og komiteen om matrikkellova. 1865-66 og 1868-69 medlem av Lagtinget og sekretær i gasje- og pensjonskomiteen. Siste sesjonen, 1871, var han medlem av Lagtinget, valkomiteen og sekretær i konstitusjonskomiteen.

År 1871 vart Løken lensmann i heimbygda, men han døydde på garden sin om hausten same året.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Folk frå Eid