Det norske Nationalblad var ei norsk avis som kom ut i Christiania mellom 1815 og 1821.
Avisa kom med sitt fyrste nummer den 17. juli 1815. 23-åringen Hans Abel Hielm stod som ansvarleg utgjevar og redaktør. Viktigaste bidragsytar og den leiande i redaksjonen var Jonas Anton Hielm. Avisa var eit leiande organ for opposisjonen mot norsk og svensk statsleiing. Hans Abel Hielm kom i fleire prosessar for avisa sine utfall mot regjeringa. Avisa mista portomoderasjonen etter ei sak der avisa vart dømd for majestetskrenking, og kom sidan ikkje ut.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:Aviser skipa i 1815 Kategori:Aviser nedlagde i 1821