mini|upright|Døme på ein håv mini|Fangst av lundefugl på Færøyane med lange håvar, sokalla fleiestenger. Håv (frå norrønt háfr, som har med å heve eller lyfte å gjere) er ein reiskap forma som ein notpose som er halde utspent og open og festa til eit handtak eller ei lang stong.
Håv vert nytta til å få på land fisk og små dyr frå vatn, eller til å fange insekt, dyr eller fugl med på land og i lufta. Storleiken på håven, på maskene i nota, og lengda på handtaket eller stonga varierer med kva håven skal nyttast til.
Kategori:Fangstreiskapar Kategori:Fiskereiskapar Kategori:Ord frå norrønt