«Joey» er ein song av Bob Dylan frå 1976 på albumet hans Desire. Songen vart skriven av Dylan og Jacques Levy, som samarbeidde med Dylan på dei fleste av songane på albumet. I eit intervju frå 2009 hevda Dylan at Levy hadde skrive heile teksten til denne songen. Som ein annan long song på albumet, «Hurricane», er «Joey» biografisk. Songen omhandlar livet og dødsfallet til gangsteren Joey Gallo, som vart drepen ved Umberto's Clam House i Little Italy, den 7. april 1972.
Bakgrunn
Songen omhandlar Gallo på sympatisk vis, trass den valdelege livsførselen hans. Gallo hadde vorte skulda for minst to mord og var dømd for fleire alvorlege lovbrot. Men i songen vert han hylla for å vere imot våpen, vere motvillig til å ta livet av gislar og for å verne drap på familien sin. Han framstår som ein ufrivillig deltakar i lovbrota til gangstergjengen sin, og at han derfor ikkje fortente lagnaden sin. På grunn av det sympatiske synet vart Dylan og songen kraftig kritisert.
Allmusic skildrar musikken i songen som «vakker», og at det ikkje vert monotont, trass den lange lengda. Songen har ein trekkspel-liknande lyd. Dylan syng mange av versa med hjerteskjerande dugleik og timing. Emmylou Harris syng korvokal og er særleg medverkande til å skape ein sorgfull atmosfære.
Anna I ein lesarundersøking i Mojo vart «Joey» kåra til den 74. mest populære Dylan-songen gjennom tidene. Dylan spelar sjeldan songen på konsertar og han har også sjeldan vorte spelt av andre artistar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joey (Bob Dylan song)» frå , den 25. august 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Teksten
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Songar skrivne av Jacques Levy Kategori:Songar produserte av Don DeVito Kategori:Songar baserte på faktiske hendingar Kategori:Songar til minne om avdøde personar Kategori:Mordballadar Kategori:Grateful Dead-songar