Melvillesundet (engelsk ) er eit sund i Kitikmeot i Nunavut i Canada. Sundet er ein del av Parrykanalen og skil Kitlineq og Prince of Wales Island frå Elisabetøyane. Aust for sundet ligg Lancastersundet, som munnar ut i Baffinbukta; mot vest ligg McCluresundet og Nordishavet. Sundet er ein del av Nordvestpassasjen.

Sundet har namn etter Robert Dundas, 2. viscount Melville, som var First Lord of the Admiralty i periodane 1812–1827 og 1828–1830, og bidrog mykje til utforsking av Arktis.

I 1853 forlét Edward Belcher skipet sitt, HMS «Resolute», i Melvillesundet. Ekspedisjonen han leia, var på leiting etter John Franklin.

Kjelder

Kategori:Sund i Canada