Raudstjertar er ei samling av sporvefuglar med 'raudstjert' i artsnamnet i slektene Phoenicurus, Chaimarrornis og Rhyacornis. Dei har utbreiing i «den gamle verda».
Phoenicurus er sjølve raudstjertslekta med arten raudstjert, Phoenicurus phoenicurus, og ti andre artar. Dei to slektene Chaimarrornis og Rhyacornis er mykje nærskylde og har vore kalla vassraudstjertar, engelsk 'water-redstarts'. Det har vore framlegg om å slå saman desse tre slektene til ei gruppe med 14 artar, men det er ikkje eit akseptert takson. Karakteristisk for mange i denne gruppa er lang, raud stjert og dirrande rørsler med stjerten. Desse fuglane er insektetarar og søkjer føda langs bakken. Dei nordlege artane er trekkfuglar.
Det har ikkje vore semje om kva familie denne gruppa høyrer til. Tidlegare var det vanleg å rekne dei i trastefamilien, i dag mest vanleg i flugesnapparfamilien, Muscicapidae, underfamilie Saxicolinae. Saxicolinae samlar i tillegg fleire kladar av buskskvettar og slekta Oenanthe, steinskvettar.
Endå ein art i flugesnapparfamilien ber fellesnamnet 'raudstjert'. Det er arten vifteraudstjert, Hodgsonius phaenicuroides, men han er ikkje nært knytt til dei andre raudstjertane innan denne gruppa og sannsynlegvis heller ikkje til underfamilien Saxicolinae.
Artslista Slektene Phoenicurus, Chaimarrornis og Rhyacornis i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008) Phoenicurus Alashanraudstjert, Phoenicurus alaschanicus Altairaudstjert, Phoenicurus erythronotus Blåkroneraudstjert, Phoenicurus caeruleocephala Svartraudstjert, Phoenicurus ochruros Raudstjert, Phoenicurus phoenicurus Kinaraudstjert, Phoenicurus hodgsoni Kvitstruperaudstjert, Phoenicurus schisticeps Auroraraudstjert, Phoenicurus auroreus Diademraudstjert, Phoenicurus moussieri Kvitvengraudstjert, Phoenicurus erythrogastrus Blåhovudraudstjert, Phoenicurus frontalis Chaimarrornis Straumraudstjert, Chaimarrornis leucocephalus Rhyacornis Blyraudstjert, Rhyacornis fuliginosa Kaskaderaudstjert, Rhyacornis bicolor
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rödstjärtar» frå , den 27. august 2010
Referansar
Kategori:Flugesnapparfamilien