Fagopplæring (Fag- og yrkesopplæring) er ei yrkesfagleg utdanning som leiar fram til sveineprøve innan eit av dei tradisjonelle handverksfaga eller fagprøve innan eit av dei nyare handverksfaga og handels- og industrifaga, og dessutan annan fagkompetanse.
Den yrkesfaglege utdanninga i Noreg er organisert gjennom ti yrkesfaglege utdanningsprogram innan vidaregåande opplæring. Fagopplæringa består av ei kombinert opplæring i skule og praksis i ei bedrift innan det faget eleven blir utdanna i. Hovudmodellen byggjer på to års opplæring i skule og to år som lærling i bedrift. Fylkeskommunane har hatt ansvaret for fagopplæringa sidan 1981, då dei overtok ansvaret for dei fleste vidaregåande skulane. Det har heile tida vore eit tett samarbeid mellom skuleverket og partane i arbeidslivet om innhald og opplæringstilbod.
Den organiserte fagopplæringa har røter langt tilbake i tid, frå laugvesenet i mellomalderen til etablering av teikneskular og tekniske aftanskular frå midten av 1800-talet, og etablering av yrkesskular frå 1940. Frå 1976 var fagopplæringa slått saman med gymnas og andre vidaregåande skuleformer til vidaregåande skular. Fagopplæringa blir i dag regulert av opplæringslova frå 1998.
Historie
Laugvesenet Yrkesopplæringa har røtene sine i handverkarar og laugvesen frå mellomalderen. Opplæringa gjekk føre seg i verkstadene under rettleiinga til meistrane, og var regulert av lauga. I Noreg voks laugvesenet fram frå andre halvdel av 1500-talet og varte i over 300 år, fram til 1870
Ordninga fungerte slik at meistrane tok lærlingar inn i verkstaden og gav dei opplæring i faget. Lærlingane hadde ei læretid på 3-5 år, før dei avla sveineprøven. Sveinane kunne då reisa rundt til andre land, «vandra på faget», og arbeida for andre meistrar i lauget og slik skaffa seg vidare kunnskap. Deretter kunne sveinen bli godteken som meister og teken opp i meisterlauget.
På grunn av den strenge reguleringa var laugvesenet omstridt, og det blei avvikla i løpet av 1800-talet. Næringsfridom vart nedfelt som prinsipp allereie i grunnlova, og blei vidare styrka gjennom lovgiving på 1800-talet. Handverkslova av 1839 gav bygdehandverkarar høve til å arbeida fritt i byane.Lov ang. håndverksdriften, 15. juli 1839 Ved handverkslova av 1866 var det fritt for alle norske statsborgarar over 21 år, inkludert ugifte kvinner, å starta næringsverksemd i handverksfag. Lauga blei avskaffa frå og med 1870, ved lov av 1866.Lov om utvidet adgang til håndverksdrift i kjøpstedene, 14. april 1866. Lov om utvidelse av handelsfriheten på landet, 26. mai 1866
Dei fyrste skulane på 1800-talet På 1800-talet oppstod det skular som var berekna på lærlingar og sveinar. Dei fyrste var syndagsskulane, som kunne kombinerast med jobb som lærling. Dei gav undervising i lesing, skriving, kristendom, rekning, geografi, samfunnslære, historie, brevskriving og så vidare Det blei oppretta sundagsskule i Christiania i 1802 og i Trondheim i 1802.S. Wulfbergs skole i Christiania og bokbinder Rhkopffs skole i Trondheim Etter kvart som allmugeskulen blei bygd ut, slik at han gav den nødvendige allmennkunnskapen for både by og land, mista søndagsskulane tydinga si.
Ein annan skuletype som oppstod på 1800-talet, og som skaut fart etter 1850, var teikneskular. Det blei skipa teikneskular for handverkarar i fleire byar. Fyrst ute var Christiania (1818), Bergen (1824) og Trondheim (1852). I 1848 avgjorde Stortinget at teikneskulane skulle få statsstøtte, og i løpet av 1860-70-åra fekk alle byane teikneskular. Undervisninga gjekk føre seg på kveldstid, over ein periode på 6-8 månader. Faga var av praktisk karakter: Rekning, geometri, teikning, matematikk og fysikk.
Etablering av tekniske skular på slutten av 1800-talet Frå 1870-åra blei teikneskulane omorganiserte til tekniske aftanskular. Skulane hadde større fagkrins og meir undervisingstid enn teikneskulane hadde hatt. Christiania og Bergen var fyrst ute med desse skulane, og rundt hundreårsskiftet var 18 tekniske skular i verksemd. Skulane gav teoretisk teknisk undervising på kveldstid, og var meinte å verka i kombinasjon med jobb som lærling. Dei tekniske aftanskulane blei ein viktig del av fagopplæringa i fleire tiår. Ved yrkesskulelova i 1940 skifta aftanskulane namn til lærlingskular.
I tillegg til dei tekniske aftanskulane blei det oppretta elementærtekniske skular (tekniske fagskular). På slutten av 1800-talet blei det skipa tre skular: Porsgrunn 1885, Bergen 1887 og Christiania 1893. Skulane hadde både ulikt innhald og varigheit. Det blei også oppretta tekniske skular, som var av meir polyteknisk art. Slike skular kom i Trondheim 1870, Christiania 1873 og Bergen 1875. Dette var skular som bygde på middelskuleeksamen, og som varte i 3-4 år.De tekniske skolene var forløperne til dagens ingeniørhøyskoler. De ble statlige i 1977, og innlemmet i det regionale høyskolesystemet i 1994 På høgare nivå blei det grunnlagt ein teknisk skule i Horten, knytt til marinen, allereie i 1954. Men det var med etableringa av Noregs tekniske høgskule (NTH) i Trondheim i 1910 at den høgare tekniske utdanninga var på plass.
Det var staten som var pådrivar og i hovudsak finansierte dei nye tekniske skulane. I tillegg fanst det enkelte private tiltak. I 1898 blei det tekniske skulestellet lagt inn under Kyrkje- og undervisingsdepartementet, medan det tidlegare var lagt under Indredepartementet.
Fagopplæringa ca. 1900–1940 Dei tekniske skulane som blei skipa på slutten av 1800-talet, kom som følgje av industrialiseringa og auka behov for teknisk kompetanse og faglært arbeidskraft. Ein såg også etter kvart behovet for ei meir strukturert opplæring, og rundt 1900 var det debatt rundt dette, både i departementet og innanfor næringslivet. Debatten dreidde seg om både skuletypar og innhaldet i opplæringa. Ein fann viktig inspirasjon frå mellom anna Tyskland, og særleg München. I 1905 blei det sett opp ein komité, Fagskolekomiteen, som skulle sjå nærare på dette. Komiteen meinte at den grunnleggjande fagopplæringa burde vera brei, og at dei teoretiske og praktiske faga burde knytast nærare saman. Skulane skulle utdanna både dyktige fagarbeidarar og gode samfunnsborgarar. Sjølv om dette synet ikkje fekk gjennomslag i Stortinget, hadde komiteen reist ein prinsipiell debatt som har prega fagopplæringa sidan.
Forslaget frå komiteen blei handsama i Stortinget i 1911, og det blei gjort viktige vedtak for fagopplæringa i framtida.Bjørndal, s. 65 Det blei fastsett ein normalplan for dei tekniske aftanskulane, og gitt retningslinjer for skiping av kortvarige praktiske handverksskular; faglege forskuler og verkstadsskular. Det vart også gjennomført ei justering av dei tekniske skulane, dei skulle vera toårige på mellomtrinnet. Ein fekk no ei inndeling av den faglege og tekniske utdanninga i Noreg i eit elementært nivå, eit mellomnivå og eit høgskulenivå (med skipinga av NTH i 1910). Denne strukturen blei i hovudsak ståande fram til 1945, då den nye lova om yrkesskular kom i kraft.
Den fyrste verkstadsskulen blei oppretta i Kristiania i 1910, Forskola for Jern- og metallarbeidere i Kristiania. Skulen kom til å danna mønster for utviklinga av verkstadsskular elles i landet. Han gav ei planmessig opplæring, slik at elevane blei direkte førebudde til arbeid i verkstad og industri. Eit halvt år i skulen gav elevane eitt års fråtrekk i læretida. Ein la vekt på behov i industrien, særleg i dei mekaniske faga. Skulen var støtta av både stat og kommune.
I 1913 kom det ein ny lov handverkslov som samla alle dei nye handverksreglane. Loven fastsette at alle som skulle utøva handverksfag, måtte gå gjennom læretid og avleggja sveine- eller fagprøve. Dette styrka behovet for ei planmessig opplæring. Loven gjaldt for alle byar og ladestader, og dessutan fleire heradkommunar. Han regulerte fagopplæringa fram til det kom einny lov i 1940
I 1920-åra var fleire komitear i arbeid for å sjå på fortsetjingsskulen (det vil seia den vidaregåande opplæringa) meir generelt.Det ble oppnevnt tre komitéer i 1919: Den parlamentariske skolekommisjon (middelskole og gymnas), Hustellkomitéen og Ungdomsskolekomitéen Men dette førte ikkje til vesentlege endringar for fagopplæringa. På 1930-talet fekk likevel fagopplæringa ny fokus. Det var kriseår med stor arbeidsløyse, og det måtte setjast i verk tiltak. I 1933 blei Yrkesopplæringsrådet for handverk og industri etablert, beståande av medlemmer frå handverk, industri, LO og departementet. Dei gav råd og fagleg hjelp i samband med fagopplæring og blei ein viktig pådrivar for yrkesopplæringa dei neste 40 åra. Det er ved arbeidet til dette rådet at omgrepet yrkesopplæring fyrst blei teke i bruk. I 1936 fekk rådet i oppdrag frå Kyrkje- og utdanningsdepartementet å utarbeida forslag til ny lov om yrkesskular. Rådet føreslo å etablera eit heilt nytt skuleslag, skilt frå folkeskulen og allmennskulen, med fokus på det reint yrkesfaglege.
Lov om yrkesskular i 1940 I 1940 kom Lov om Yrkesskoler for håndverk og industri. På grunn av andre verdskrigen blei likevel ikkje lova sett i verk før i 1945. No blei alle tekniske skular og undervisningstilbod i tekniske fag samla inn under ein felles lov, og det blei grunnlagt moderne yrkesskular i Noreg. Lova skil mellom skular før læretida - verkstadsskular, i læretida - lærlingskular (det vil seia dei tidlegare tekniske aftanskulane), og etter læretida - formanns- og verksmeisterskular. Skular som hadde alle tre avdelingar skulle heita Yrkesskular for handverk og industri (§ 2). I tillegg regulerte loven skular som ikkje var ein del av den ordinære yrkesopplæringa: Elementærtekniske skular, med formål å gi allmenndannande og elementær teknisk undervising, og dei praktisk-teoretiske tekniske fagskulane (§§ 45, 46). Lova regulerte også dei tekniske skulane, som gav kompetanse for tekniske stillingar på mellom- og høgare nivå (Kap. VI). Inndelinga av yrkesopplæringa som blei fastsett i 1940-lova, blei ståande fram til Lov om vidaregåande opplæring kom i 1974.
Yrkesskulane kunne vera kommunale, interkommunale eller statlege (§ 4). I tillegg kunne føretak, institusjonar eller organisasjonar driva yrkesskule. Alle skulane kunne få statsbidrag. Kvar skule skulle ha eit styre (§ 18), og «vedkommende regjeringsdepartement» danna overstyre for skulen (§ 16). Overstyret fastsette normalplan for undervising og eksamen, og kunne gjera endringar i fagkrinsen til skulen. Yrkesopplæringsrådet, beståande av representantar frå «de praktiske næringer», skulle hjelpa overstyret (§ 17). Partane i arbeidslivet var dermed sikra å framleis ha stor innverknad på fagopplæringa.
Fagopplæringa 1945–1974 Etterkrigstida var prega av eit omfattande plan- og utgreiingsarbeid innan skulesektoren generelt, og dette gjaldt også for yrkesopplæringa. Lov om yrkesskoler blei sett i verk i 1945Samordningsnemnda for skoleverket av 1947 ble nedsatt for å gå gjennom hele skoleverket, både grunnskole og videregående skole. Den avga flere innstillinger, og la blant annet grunnlaget for en obligatorisk 9-årig grunnskole, som ble lovfestet i 1969 Same år blei Plankomiteen nedsett som ei oppfølging av lova. Komiteen leverte seks innstillingar på to år, og den eine av desse var Landsplan for den videre utbygging av yrkesskolestellet i byer og landdistrikter. Blant forslaga var at all nyrekruttering til faga skulle gå gjennom yrkesskulane og at lærlingskulen skulle gå over frå å vera kveldsskule til å bli dagskule ein dag i veka. Det blei også påpeika at mange skular hadde dårlege lokale og utstyr. I 1948 kom stortingsmelding om handverk og industri, som bygde på arbeidet til plankomiteen.St. meld. 35 (1948) om håndverk og industri