Thomas Young () var ein engelsk fysikar, lege og hieroglyftydar.
Fysikk mini|Mathematical elements of natural philosophy, 2002 Young gav 1802 eit lite bevis for bølgenaturen til ljoset ved å konstruere ei dobbelspalte og undersøkja Interferensen som oppstod. Han avgjorde dei omtrentlege bølgelengdene for det synlege spektrumet til ljoset ved å nytte diffraksjon. I 1817 foreslo han at lysbølgjer var transverselle (forstyrringar vinkelrett mot utbreiinga til bølgja), og kunne på den måten skildre polarisering.
Lege Young var frå byrjinga lege og hadde ein legepraksis i London. Han var først og fremst interessert i medisinsk optikk og det var årsaka til at han òg byrja å studere fysikk.
Hieroglyftydar Young studerte òg språk og gjorde viktige bidrag til tydinga av egyptiske hieroglyfar.
Karriere Young vart i 1801 utnemnd til professor i naturfilosofi ved Royal Institution, men sa frå seg professoratet i 1803 då han innsåg at aktivitetane som professor ikkje lét seg kombiner med legepraksis hans. Han vart medlem (fellow) av Royal Society i 1794, og vart i 1802 utnemnd som utlandssekretær (foreign secretary) for dette selskapet. I 1828 vart han vald inn som utanlandsk medlem av Kungliga Vetenskapsakademien.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thomas Young (forsker)» frå , den 28. august 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske fysikarar Kategori:Britiske legar Kategori:Britiske egyptologar Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Folk frå Somerset