Hans-Jörg Butt () er ein tysk tidlegare fotballspelar som gjorde teneste i Hamburger SV, Bayer Leverkusen og Bayern München. Målvakta representerte Tyskland i 4 landskampar i tida 2000-10.

Klubbspel Butt spelte frå 1994 i tysk regionalliga for VfL Oldenburg. Deretter var han målvakt for Hamburger SV i fire år. Perioden 2001-07 var han aktiv i Bayer Lerverkusen. I sin fyrste sesong med Bayer kom laget på andreplass i bundesliga og det tapte finalen om DFB-pokalen mot Schalke 04, og til sist UEFA-meisterligafinalen mot Real Madrid. Etter ein sesong på reservebenken i Benfica, vende Butt i 2008 tilbake til Tyskland og spel for Bayern München. Våren 2010 vart han både ligameiser og BFB-pokalvinnar med laget frå München. Derimot enda han same våren opp som tapar i UEFA-meisterligaen for andre gong, ettersom FC Inter slo FC Bayern med 2-0 i Barcelona. Etter Manuel Neuer skreiv kontrakt med FC Bayern i 2011, sat Butt på benken til han la opp i 2012. Med 26 skåringar på straffespark, er Butt den mest treffsikre målvakta i bundesliga. Han spelte 387 kampar i øvste bundeliga.

Landslagsspel Butt debuterte for Tyskland 7. juni 2000 i ein landskamp mot Liechtenstein. Han var med i troppa til fotball-EM same året og til fotball-VM i 2002. Begge gongane var han tredjeval i mål, etter Oliver Kahn og Jens Lehmann, kom såleis ikkje i spel. I sin 4. og siste landskamp, sju år etter den førre, vakta Butt Tysklands målbur då det vart siger 3-2 over Uruguay i bronsefinalen under Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika.

Merittar VM-bronse: 2010 for Vest-Tyskland Vinnar av Bundesliga: 2010 for Bayern München Vinnar av DFB-pokalen: 2010 for Bayern München Finalist i UEFA-meisterligaen: 2002 for Bayer Lverkusen og 2010 for Bayern München

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hans-Jörg Butt» frå , den 31. juli 2026.

eu-football

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Bayer Leverkusen-spelarar Kategori:Benfica-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010