Gulsildre (Saxifraga aizoides) er ein plante i sildrefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta er kring 10 cm høg og har krypande skott og slakke fåblomstra stenglar. Blada er lysgrøne med kjertlar i kanten. Blomane har oftast 5 kronblad. Dei er bleikgule eller branngule, stundom purpurraude. Kronblada er litt lengre enn begerblada. Gulsildre blømer kring juli månad på våte, steinete og grusete stader. Planten finst i alle fjelltrakter i Noreg, og er funnen opp til 1700 m i Jotunheimen.
mini|venstre|Gulsildrefrø
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Gullbräcka» frå , den 29. august 2010.
Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Sildrefamilien