Loch Neldricken er ein innsjø i Galloway søraust for Merrick, sør for Craig Neldricken og vest for Craignaw. Insjøen er nesten delt i to av eit langt nes. Elva har utløp via den korte Mid Burn inn i Loch Valley og så via Gairland Burn ned til Loch Trool.

Ei lita øy vest i innsjøen er markert på kart som 'Murder Hole' (Mordarholet) og er omtalt i SR Crockett sin The Raiders. Det opphavlege 'Murder Hole' var ein brønn i Glen Trool til Straiton-vegen der lika til reisande som hadde vorte rana og myrda vart dumpa og Crockett flytta denne staden for boka si.

Innsjøen har vorte råka av forsuring, men har til ein viss grad kome seg att med ein pH som har auka frå 4,4 i 1978 til 5,4 in 2003.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Loch Neldricken» frå , den 4. september 2010. oppgav desse kjeldene:

Neldricken Kategori:Geografi i Dumfries and Galloway