Claerwen er eit reservoar i Powys i Wales, som det siste leddet i Elan Valley-reservoara som vart bygd som ein del av vassforsyninga til Birmingham i England. Demninga er hovudsakleg bygd av betong med naturstein på utsida. Demninga er av ein type kalla massivdam. mini|venstre|Nedanfor Claerwen-dammen Claerwen-dammen stod ferdig i 1952 og vart bygd i ein viktoriansk stil for å passe inn med tidlegare dammar i dalen. Ein måtte leige inn italienske steinhoggarar, fordi dei britiske framleis var i London og bygde opp att byen etter krigen i 1940-åra.
Det tok seks år å byggje dammen og han var nesten dobbelt så stor som dei andre dammane i Elan-dalen. Claerwen reservoaret er nesten like stor som alle dei andre reservoara i Elan-dalen til saman. Dammen er 56 meter høg og 355 meter lang. Kapasiteten i reservoaret er 48,3 millionar m³.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Claerwen» frå , den 4. september 2010.
Bakgrunnsstoff Bilete av Claerwen og det omliggande området på geograph.org.uk
Kategori:Reservoar i Wales Kategori:Innsjøar i Wales Kategori:Geografi i Powys