Yellowknife (uttalt /ˈjɛloʊnaɪf/) er hovudstaden og den største byen i Nordvestterritoria i Canada, med 18 700 innbyggjarar (2006). Byen ligg på nordsida av Great Slave Lake, på vestsida av Yellowknife Bay, nær munningen til elva Yellowknife. Byen har ei blanding av etnisitet og fem offisielle språk er utbreidd: engelsk, fransk, dene suline, dogrib og sør og nord slavey. På dogrib heiter byen Somba K'e («der pengane er»). Byen vart først busett i 1935, etter at det vart funne gull i området. Byen voks fram som ein viktig regional handelsstad, og vart hovudstad i 1967. Etter at gruvedrifta vart redusert, voks Yellowknife på 1980-talet fram meir som ein administrasjonsby. Nye funn av diamantar nord for byen kan kanskje endre denne trenden.
left|mini|Giant Mine i utkanten av byen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yellowknife» frå , den 8. september 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nordvestterritoria Kategori:Byar i Canada Kategori:Busetnader grunnlagde i 1936 Kategori:Busetnader i Nordvestterritoria